Din lokale nærradio med kristen profil

 Radio Fitjar er ein lokal radio som har tilhald på Fitjar ( på øya Stord i Sunnhordland ) Radio Fitjar har konsesjon for sending i Fitjar kommune. Sendingane kan likevel høyrast i deler av Stord, Bømlo og Austevoll.. Lokalsendingane vert sendt mandag til fredag.
Sendetid frå kl. 12.00 - 21.00  
Sjå programoversyn

Radio Fitjar er skipa av dei kristne organisasjonane som er knytte til bedehusa i Fitjar-bygdene. Radio Fitjar har Bibelen og Den evangelisk-kristne vedkjenninga som basis for verksemda si.
Radioen vart starta i 1994 i samband med ein evangelisk aksjon og har heile tida siden vore halde i drift på frivillig basis. Ein stor flokk har organisert radioen, laga program og sendt dei. Heile tida har og ein flokk gjeve gåver slik at radioen i dag har bra økonomi. Me håper  at fleire vil vera med å gje pengegåver for å kunne auke sendetid meir.

Radio Fitjar har eit brukbart studio i kjellaren i Fitjar Bedehus. Dette blei bygd opp etter noke års drift i mellombels løysinger kjellaren.

KONTONUMMER TIL ARBEIDET ER 3546. 29. 07484

Vedtektene for Radio Fitar finn du her.

Tilbake

Sida blei sist oppdatert 26.01.13