|
Faktum er at Lars K. Vik sine songar, og Fitjar Musikkforening sin musikkstil,
i stor grad har prega bedehusmusikken på heile Vestlandet, samstundes
som dei framleis er berarar av den
oppringlene strengemusikkstilen
Julefesten 1965
Det heile begynte med at Lars K. Vik blei kristen. Han var då allereie kjend både som idrettsmann, revyartist og musikar i store delar av Sunnhordland. Men ved eit høve sa arbeidskameraten Wilhelm Helland til han: -Tenk
om du kunne bruke evnene dine for
Jesus, Lars !
Dette slo inn, og då Lars gav seg over til Gud, fekk han snart spørsmål frå Nils Vestbøstad og Rasmus Fitjar om han kunne starte ei
musikkgruppe i Fitjar sentrum, slik som dei hadde i Øvrebygda.
Lars sa ja til det, og før dei offisielt var starta, song dei på julefesten i gamle Fitjar bedehus i 1965
Våren 1966 blei
det derimot meir fart i sakene, og Fitjar musikkforening vel difor å rekna starten frå 1966.
Etter kvart har Fitjar Musikkforening og Lars K. Vik og blitt stamma
i Sunnhordlandsmusikken
ei felles musikkforeining der musikklag frå Sveio og Langevåg i sør til Fitjar i nord, er med. Fellesmusikken har sunge på ei rekkje større arrangement som Bedehusmusikkfestivalen, årsmøte- og
andre store arrangement i Indremisjonsforbundet
eller Indremisjonssamskipnaden sin regi.
Tre med frå starten
14. februar feira Fitjar musikkforeining
med smørbrød og kake. Då var som seg
hør og bør også tidlegare medlemer til stades. Men nokre medlemer som var med i starten, er framleis med. Dei er, utanom Lars K. Vik, Nils Vestbøstad og Bertine Sætre. Sistnemnde har skrive referat frå det som har skjedd i alle år,
og ho kan blant anna fortelje at eit år opptrådte dei heile 46 gongar. (1967)
Begge fortel dei om svært godt samhald, både sosialt og åndeleg.
- Og så har me det utruleg kjekt og humørfylt, både under
øvingane og på turane, får me
vite.
Under festmaskeringa blei det
både mimra og vist bilete frå tidlegare tider. Men dei store forandringane
har dei ikkje gått igjennom, verken
tekstleg eller musikalsk. Tekstane
har hele tiden vore berarar av ein sentral bodskap om synd og nåde, kors og himmel, og akkompagnementet har stort sett heile tida bestått av gitar, bass, trekkspel,
mandolin og piano.
|