|
Innleiing
|
I byrjinga av 60 åra var det folk imellom tala om
at det gamle bedehuset - bygd tidleg på 1900 talet - hadde gjort fullgod
teneste og trong fornying.
|
|
5. februar
1962
|
Den fyrste
plannemnda for eit nytt bedehus vald med sokneprest Einar Tuvin som formann.
|
|
27. februar
1964
|
Fyrste bedehusforeining vart starta. Det skulle
vise seg å verta på dagen 17 år før ein la ned grunnsteinen til det nye
bedehuset.
|
|
29. mars
1968
|
Det vart vald ny plannemnd med den nye soknepresten
Finn Halle Tvedt som formann.
|
|
23. mars
1973
|
Det vart vald ei eiga innsamlingsnemnd med Lars K. Vik som leiar og ei ny plannemnd med Georg
Vik som formann.
|
|
8. desember
1976
|
Mottak av godkjenning frå Fitjar Jordstyre.
|
|
9. mars 1977
|
Hordaland Fylkeslandbruksstyre gav si godkjenning.
|
|
|
Tomtespørsmålet var i orden og det vart vald eige styre
for det nye bedehuset som skulle byggjast. Formann for dette styret var Eli
Vestbøstad (2 år) og seinare Georg Vik.
|
|
|
Ei byggjenemnd vart og vald med Trygve Eiken som formann. Byggjenemnda engasjerte
arkitektane Anda og Hirth frå Voss. Etter fleire år med skriv og søknadar att
og fram, kom arbeidet igong.
|
|
14. mai 1980
|
Fyrste spadestikk gjort.
|
|
31. januar
1981
|
Sperreflagget vaia i frisk kuling.
|
|
27. februar
1981
|
Grunnsteinsnedlegging
|
|
juli 1981
|
Kommunen ville leiga ein del av kjellaretasjen til
helsestasjon - helsesyster og lækjar - og dei kunne flytta inn alt i juli
1981. Då hadde dugnadgjengane prioritert helsestasjonen.
|
|
19. august
1981
|
Arbeidet med 1. høgda og loftet gjekk no gjevnt og
trutt vidare og fyrste bønemøte var onsdag 19. august 1981.
|
|
24. november
1981
|
Kvar laurdag vart det servert mykje god mat til
friske dugnadsarbeidarar. Tysdag 24. november 1981 var verste ver i manns
minne, med orkan frå nordvest. ” Me tek lommelykt med på stillaset i kveld”
var beskjeden ”om straumen skulle gå”.
|
|
18. april
1982
|
Siste møte i det gamle bedehuset på Rimbareid.
|
|
23. april
1982
|
Årsmøtet for det nye Fitjar Bedehus skulle haldast
i det halvferdige huset fredag 23. april 1982. Det var andakt av Nils M.
Rydland.
|
|
25. april
1982
|
Fyrste søndagsmøte var eit familiemøte to dagar
etter med tale av sokneprest Tore Tangen og det var ca. 200 frammøtte som
vitna om at folket gjerne ville vera med og ta det nye forsamlings-lokalet i bruk.
|
|
17. mai 1982
|
Fest i bedehuset og talar var Inge Ree.
|
|
17. oktober
1982
|
Vigsling av Fitjar Bedehus var lagt til søndag 17.
oktober 1982. Det var ein stor dag for kristenfolket i bygda. Det var heilt
fullt med folk som ville ta del i festen. Generalsekretær Ole Abel Sveen stod
for sjølve vigslinga . Elles fekk ein med seg eit flott program med mykje
takk til Gud for det fine og gode huset ein no hadde fått. Ein god base for å
bringa evangeliet om Jesus ut til bygdefolket. (kollekt denne dagen ca.
50 000)
|
|
|
|
|
|
Fitjar oktober 1982 (TE)
|