|
Vedtekter for Radio Fitjar I Grunnlag og føremål§ 1 Radio Fitjar er skipa av dei kristne organisasjonane som er knytte til bedehusa i Fitjar-bygdene. § 2 Radio Fitjar skal ha Bibelen og Den evangelisk-kristne vedkjenninga som basis for verksemda si. § 3 Radio Fitjar skal ha ein kristen programprofil der hovudsiktemålet er å formidla den kristne bodskapen. Gjennom reportasjar frå lokalmiljøet tek ein også sikte på å knyte kontakt mellom kristenliv og lokalsamfunnet elles. § 4 Primærområdet til Radio Fitjar er Fitjar kommune. II Styret og redaksjonelt ansvar§ 5 a) Styret skal vera samansett av 5 medlemmer. Det skal vera 3 varamedlemer til styret. Styremedlemmer og varamedlemmer blir vald på årsmøtet for Radio Fitjar. Styremedlemmer vert valde for to år om gongen. Første gongen slikt val vert gjort, vert to medlemmer trekt ut ved loddtrekning til å væra valt for eit år. Det skal velgjast varamedlemmer kvart år. Styremedlemmane skal vera over 18 år og minst to av medlemmane skal vera aktive medarbeidarar i Radio Fitjar. b) Styremedlemmane og varamedlemmane må vedkjenne seg til den kristne trua i samsvar med § 2. c) Styret konstituerer seg sjølv. d) Styremedlemar som ikkje arbeider i samsvar med gjeldande vedtekter kan verta ekskludert av dei andre i styret. e) Styret er vedtaksført når minst 2/3 av medlemmane ( inkl. møtande varamedlemmar ) er til stades. f) Styret vel redaktør. § 6 a) Det redaksjonelle ansvaret ligg hos redaktøren og hos ansvarleg programleiar. b) Redaktøren har møterett, men ikkje stemmerett i styret. III Personell§ 7 Alle som arbeider i Radio Fitjar gjer dette på frivillig og uløna basis. § 8 Staben står fritt til å knyte til seg nye medarbeidarar; både programarbeidarar og teknisk personell. § 9 Medarbeidarane pliktar å arbeida i samsvar med Radio Fitjar sitt grunnlag slik det går fram av § 2. IV Økonomi, organisering og eigedom§ 10 Radio Fitjar er ein sjølveigande institusjon som er skipa slik det står skrive i § 1. Enkeltpersonar og organisasjonar som arbeider i samsvar med §§ 2 og 3 kan teikna medlemskap i Radio Fitjar. Eit medlem må betala ein eingongs innmeldingskontingent og årleg medlemskontingent. Størrelse på kontingentane vert fastsett og godkjent av årsmøtet. Medlemmane er ansvarleg for økonomien i Radio Fitjar. Styret er ansvarleg for å leggja fram budsjett og rekneskap som § 11 Radio Fitjar skal sjølv vera eigar av det tekniske utstyret. § 12 a) Årsmøtet er Radio Fitjar sitt øvste organ. Årsmøtet skal handsama følgjande saker: Årsrekneskap, årsmelding, budsjett og val av styremedlemmer og valnemd ( 3 medlemmer ). Innkalling til årsmøte skal skje seinast 4 veker før årsmøtet. Medlemer som ønskjer saker opp på årsmøtet må melda dette til styret seinast 3 veker før årsmøtet. Seinast 1 veke før årsmøtet skal saklista for årsmøtet vera tilgjengeleg. Innkalling til årsmøte skal skje ved oppslag og kunngjering i lokal avis og gjennom Radio Fitjar sine sendingar. b) Avvikling og vedtektsendringar i samsvar med §§ 13 og 14 skal hansamast på ekstraordinært årsmøte. Innkalling til ekstraordinært årsmøte skal skje skriftleg til alle medlemmer minst to veker på førehand. c) Røysterett på årsmøtet har alle medlemmer som er over 18 år. Organisasjonane som er medlemmer skal væra representert ved ein av sine styremedlemmer. Personlege medlemer har 1 røyst kvar. Organisasjonane som er medlemer har 5 røyster kvar.
d) Rekneskapen skal vera tilgjengeleg for alle som støttar Radio Fitjar økonomisk. V Avvikling§ 13 Dersom staben ikkje lenger kan produsere program, eller dersom andre forhold talar for det, skal styret vurdere vidare drift av Radio Fitjar. Dersom Radio Fitjar VI Vedtektsendringar§ 14 a) Medlemmene i styret kan koma med framlegg om endring av vedtektene. Slikt framlegg skal væra alle styremedlemene i hende seinast 1 - ein - månad før handsaming. Vedtektsendring krev minst 2/3 fleirtal i ekstraordinært årsmøte b) §§ 2 og 3 kan ikkje endrast. Sida blei sist oppdatert 09.12.06 |